Akvarell
From Wikipedia, the free encyclopedia
Akvarell er nemning på eit bilete måla etter ein teknikk der fargen vert lagt på i gjennomskinlege lag på eit tjukt, lett sugande papir. Papir av høgste kvalitet er syrefritt og framstilt av bomullsrestar. Det kan variere kraftig i ulike tonar av kvit og i tjukne. Overflatestrukturen vert kalla gräng og finst av fleire slag.
Akvarellpapir vert levert i blokk med limte kantar rundt, slik at papiret held seg slett, når det vert fuktig av fargen. Lause papir kan preparerast ved å fukte det grundig med reint vatn og så klistre eller teipe det opp på ei stiv skive. Når papiret har turka, har dei innebygde spenningane vorte utjamna, og det boblar mindre når akvarellfargen vert lagt på.
Akvarellar vert ofte måla med ein tjukk pensel som kan halde på mykje veske, samstundes som han kan formast til ein grann spiss. Den finaste kvaliteten vert laga av mårhår eller sobelhår. Særleg tynne linjer kan lagast med hjelp av tynne, spisse penslar eller dragstift, opphavleg laga til tusjteikning. Gamle tiders stålpennar til blekk duger også til det føremålet.
Mange teknikkar vert ofte kombinert i eitt og same biletet.