From Wikipedia, the free encyclopedia
Deportivo Alavés, S.A.D., kjend som Alavés, er ein fotballklubb i byen Vitoria i regionen Baskarland i Spania. Alavés har dei siste sesongane spela på tredje høgste nivå i Spania, Segunda División B, men rykte opp til nivå to i 2013.
Alavés vart grunnlagt i 1921. Klubben rykte opp i øvste divisjon i Spania i 1930, der han spela i tre sesongar før det vart nedrykk. I 1998 tok Alavés steget oppatt i Primera Division, etter over førti år i lågare divisjonar. Alavés kom som best i serien på sjetteplass i 2000. I 2001 spela klubben seg fram til finalen i UEFA-cupen, der laget møtte Liverpool FC. Etter ein dramatisk finalekamp med ekstraomgangar tapte Alaves 4–5. Klubben rykte ned frå den spanske toppdivisjonen i 2003.
Laget spelar i trøyer med blå og kvite vertikale striper og blå bukser. Heimebana 'Estadio di Mendizorroza' rommar 19 840 tilskodarar.
Nordmannen Dan Eggen spela stoppar for Alavés i stordomstida for klubben kring 2001.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.