![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d9/Alberto_Garc%25C3%25ADa.jpg/640px-Alberto_Garc%25C3%25ADa.jpg&w=640&q=50)
Alberto García
From Wikipedia, the free encyclopedia
Alberto García Fernández (fødd 22. februar 1971) er ein spansk tidlegare mellom- og langdistanseløpar frå Madrid. Han vart i 2002 europameister på 5 000 meter.
Alberto García | |
Statsborgarskap | Spania |
Fødd | 22. februar 1971 (53 år) Madrid |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
García deltok i Sydney-OL 2000 på 5 000 meter, utan å ta seg vidare frå forsøket. Sommaren 2001 fekk han notert livsbeste 13.02,5 i eit stemne i Roma, og nokre veker seinare vart han nummer 4 på distansen under verdsmeisterskapen i Edmonton. Våren 2002 vann han 3 000-meteren ved hall-EM i Wien. Seinsommaren same året sprang i mål til gullmedalje på 5 000 meter ved europameisterskapen i München. I hall-VM 2003 enda han på andreplass på 3 000 meter. Like etter vart han utestengt i 2 år for bruk av dopingmidlar.
Han var tilbake på friidrettsbana i 2005. Korkje ved Friidretts-VM 2005, ei heller Sommar-OL 2008 makta han ta seg vidare frå forsøka. Derimot tok han ein individuell sølvmedalje i Terrengløps-EM 2005 i Tilburg, og han var med i det spanske mannskapet som tok gull i Terrengløps-EM 2007 i spanske Toro.