Albrecht Altdorfer
From Wikipedia, the free encyclopedia
Albrecht Altdorfer (ca. 1480–12. februar 1538) var ein tysk målar, koparstikkar og byggmeister under renessansen. Han forma religiøse og mytologiske landskap, måleria hans er meir kjende for si skjønnheit enn for motiva. Altdorfer er såleis kanskje den fyrste eigentlege landskapsmålaren.
Kjappe fakta
Albrecht Altdorfer | |
Sjølvportrett | |
Fødd | 1480 Regensburg, Altdorf bei Nürnberg |
Død |
12. februar 1538 (57 år) |
Yrke | kunstmålar, arkitekt, miniatyrmaler, grafikar, kobberstikker, byggmeister |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Albrecht Altdorfer på Commons |
Lukk
Saman med Wolf Huber var han den leiande innan den såkalla Donau-skulen i det sørlege Tyskland. Altdorfer og Albrecht Dürer vert rekna som grunnleggjarane av forma kalla Nürnberger Kleinmeister. Han var kanskje fødd i Altdorf bei Landshut eller i sjølve Regensburg, der han døydde.