Alpine greiner under Vinter-OL 2006
From Wikipedia, the free encyclopedia
Alpine greiner under Vinter-OL 2006 i Torino vart avvikla i kommunane Sestriere og Cesana Torinese, høvesvis 100 km og 97 km vest for Torino, i tida 12. - 25. februar 2006. Øvingane omfatta ti tevlingar, fem kvar for både kvinner og menn. Sju av tevlingane, alle for menn, samt slalåm og storslalåm for kvinner, fann stad i Borgata og Colle i Sestriere. Dei tre andre kvinne-tevlingane fann stad ved vintersportsarenaen San Sicario i Cesana Torinese. På dei ulike arenaene var det plass til 6 160 - 8 560 tilskodarar.
Austerrikarane Michaela Dorfmeister og Benjamin Raich vann to gullmedaljar begge.