Alpine greiner under Vinter-OL 2014
From Wikipedia, the free encyclopedia
Alpine greiner under Vinter-OL 2014 i Sotsji vart avvikla ved alpinsenteret Rosa Khutor, om lag 70 kilometer aust for Sotsji, i tida 9. - 22. februar 2014. Øvingane omfatta ti tevlingar, fem kvar for både kvinner og menn.
Tina Maze frå Slovenia var den einaste utøvaren som vann to gullmedaljar, medan austerrikske Anna Fenninger og tyske Maria Höfl-Riesch fekk med seg kvar si gullmedalje og kvar si sølvmedalje. Norske Kjetil Jansrud vart olympisk meister i super-G og tok bronsen i utfor, og vart dermed den einaste mannlege utøvaren som vann to medaljar i leikane.