Alpine greiner under Vinter-OL 2018
From Wikipedia, the free encyclopedia
Alpine greiner under Vinter-OL 2018 i Pyeongchang vart avvikla ved to skisenter, Yongpyong ei 20 km nordaust for Pyeongchang og Jeongseon, som ligg om lag 30 km søraust for arrangørbyen. Alpinøvingane gjekk føre seg i tida 13. - 24. februar 2018 og omfatta 11 tevlingar. Fem av øvingane var likearta for både kvinner og menn, medan den ellevte og siste øvinga var ei lagtevling med både kvinnelege og mannlege deltakar, denne øvinga stod på OL-programmet for fyrste gong.