Animals av Pink Floyd
From Wikipedia, the free encyclopedia
Animals er det tiande studioalbumet til den engelske rockegruppa Pink Floyd, gjeve ut den 21. januar 1977 via Harvest og Columbia Records. Det vart spelt inn i bandet sitt Britannia Row Studios i London gjennom 1976 og vart produsert av bandet sjølv. Albumet held fram med dei lange komposisjonane som danna mange av dei tidlegare platene deira, inkludert Wish You Were Here (1975). Albumet fekk positive meldingar då det kom, selde godt og nådde høvesvis andre- og tredjeplassen på albumlistene i Storbritannia og USA. Sidan utgjevinga har det seld over fem millionar eksemplar verda over.
Animals Studioalbum av Pink Floyd | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 23. januar 1977 | |
Innspelt | April–desember 1976 | |
Studio | Britannia Row Studios i London | |
Sjanger | ||
Lengd | 41:40 | |
Selskap | ||
Produsent | Pink Floyd | |
Pink Floyd-kronologi | ||
---|---|---|
Wish You Were Here (1975) |
Animals | The Wall (1979)
|
Tekstane på Animals dannar eit konseptalbum med ein skarp kritikk av dei samfunnspolitiske tilhøva i Storbritannia på slutten av 1970-åra, og markerer ei markant musikalsk endring frå dei tidlegare albuma deira. Produksjonen var prega av tidlege teikn på spenning i bandet, som seinare kulminerte med at klaverspelaren Richard Wright forlet bandet. Plateomslaget syner ein oppblåsbar gris mellom to av skorsteinane på Battersea Power Station i London, etter ein idé av bassisten og låtskrivaren i bandet, Roger Waters, og vart designa av den mangeårige samarbeidspartneren Storm Thorgerson. Det kom ingen singlar frå albumet og dei marknadsførte det gjennom In The Flesh-turneen, der ei hending fekk Waters til å hisse seg opp på publikum og danna grunnlaget for den neste plata deira, The Wall (1979).