Annalena Baerbock
tysk politikar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Annalena Charlotte Alma Baerbock (fødd 15. desember 1980) er ein tysk politikar frå Pattensen i Niedersachsen. Ho er sidan 8. desember 2021 Tysklands utanriksminister i ei regjering leia av Olaf Scholz.
Kjappe fakta Fødd, Statsborgar av ...
Lukk
Baerbock er medlem i partiet Bündnis 90/Die Grünen. Frå hausten 2013 har ho representert partiet og forbundsstaen Brandeburg i den tyske forbundsdagen. Den 27. januar 2018 vart ho vald for partiet, i lag med Robert Habeck. Etter forbundsvalet 2021 gjekk partiet hennar i koalisjon med SPD og danna ny tysk regjering i desember. Baerbock fekk posisjonen som utanriksminister. Ho vert rekna som ein saks- og sentrumsorientert politikar.