Another Brick in the Wall
From Wikipedia, the free encyclopedia
«Another Brick in the Wall» er tittelen på tre songar av Pink Floyd, som inneheld små variasjonar av det same musikalske temaet. Songane vart gjevne ut på albumet deira The Wall frå 1979, og hadde undertitlane «Part I», «Part II» og «Part III», og alle er skrivne av Roger Waters.
Another Brick in the Wall Singel av Pink Floyd frå albumet The Wall | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 30. november 1979 | |
Innspelt | April-november 1979 | |
Sjanger | Progressiv rock | |
Lengd | 10:26 (alle delar) 3:15(part I) 4:00(part II) 1:11(part III) | |
Selskap | Harvest Records (UK), Columbia Records (US)/Capitol Records (US) | |
Komponist | Roger Waters | |
Tekstforfattar | Roger Waters | |
Låtskrivar(ar) | Roger Waters | |
---|---|---|
Produsent | Bob Ezrin, David Gilmour, James Guthrie og Roger Waters | |
Pink Floyd-kronologi | ||
«Have a Cigar» (1975) |
Another Brick in the Wall | «Comfortably Numb» (1979)
|
«Part II» er nok den mest kjende av desse, og vart ein stor hit i 1980. Songen inneheld den kjende tekstlinja «We don't need no education». Singelen gjekk til topps både i Europa og USA, og i Storbritannia var det den første singelen deira sidan 1968. Songen er ein protestsong mot strenge skulesystem, og særleg kostskular. Derfor vart songen forboden i fleire land.
Pink Floyd trong ein skuleklasse til å synge på «Part II», og spurte Alun Renshaw på den lokale skulen Islington Green i nærleiken av studioet deira Britannia Row Studios. Koret vart tatt opp tolv gongar og lagt oppå kvarandre, for at koret skulle virka mykje større enn det var. Skulen fekk 1000 pund for jobben, og det vart ikkje avtalt noko vidare honorar. I 1996 saksøkte derimot heile koret Pink Floyd, og kvart medlem fekk rundt 500 pund kvar.
Pink Floyd vart nominert til ein Grammy Award for «Part II» i klassen Beste musikkstykket av ein rockeduo eller gruppe, men tapte for Bob Seger-songen «Against the Wind».
I 1980 vart songen brukt som ein protestsong av mørkhuda studentar under «Elsie’s River»-opprøret i Sør-Afrika, der dei protesterte mot rasistisk propaganda og fordommar i det offisielle pensumet. 2. mai 1980 vart songen forboden av regjeringa.