Madonna (fødd 16. august 1958) er ein amerikansk popartist kjend verda over for ei rekkje hitsongar og oppsiktsvekkande framsyningar. Nokre av dei kjende songane hennar er «Like a Virgin», «Papa Don't Preach», «Like a Prayer», «Frozen», «Music» og «Hung Up». Madonna har selt over 300 millionar plater og er ifølgje Guinness Rekordbok den mestseljande kvinnelege artisten i verda. Ho er rekna som ei god forretningskvinne og eig eit eige plateselskap, Maverick.
Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Madonna |
|
|
Fødd | 16. august 1958 (65 år) Bay City i Michigan i USA |
---|
Fødestad | Bay City |
---|
Fødenamn | Madonna Louise Veronica Ciccone |
---|
Alias | Madonna, Louise Ciccone, Madonna Ritchie, Boy Toy, Nonnie, Maddy, Mo, The Material Girl, Queen of Pop, Madge, Veronica Electronica, Dita, Madame X, M-Dolla, M |
---|
Opphav | USA |
---|
Aktiv | 1982 til i dag |
---|
Sjanger | Pop, elektronisk dans |
---|
Instrument | Vokal, gitar, perkusjon |
---|
Stemmetype | mezzosopran, sopran |
---|
Plateselskap | Warner Bros., Maverick, Sire |
---|
Verka som | Songar, låtskrivar, dansar, plateprodusent, filmprodusent, filmregissør, musiker, moteskapar, forfattar, skodespelar |
---|
Mor | Madonna Louise Fortin |
---|
Far | Silvio P. (Tony) Ciccone |
---|
Gift med | Guy Ritchie, Sean Penn |
---|
Sambuar med | Carlos Leon, Timor Steffens, Vanilla Ice, Brahim Zaibat, Jesus Luz, Alex Rodriguez, Jenny Shimizu, Tupac Shakur, José Canseco, Tony Ward, John Fitzgerald Kennedy jr., Jean-Michel Basquiat, John Benitez, Dennis Rodman, Dan Gilroy, Sandra Bernhard, Warren Beatty, Josh Popper |
---|
Born | Lourdes Leon, Mercy James, David Banda Mwale Ciccone Ritchie, Stella Ciccone, Esther Ciccone, Rocco Ritchie |
---|
Prisar | Grammy Award for Best Music Film, Grammy Award for Best Pop Vocal Album, Grammy Award for Best Dance Recording, Grammy Award for Best Music Video, Grammy Award for Best Song Written for Visual Media, Grammy Award for Best Dance/Electronic Album, Grammy Award for Best Music Film, Golden Globe Award for Best Actress – Motion Picture Musical or Comedy, Golden Globe Award for Best Original Song, Rock and Roll Hall of Fame, Golden Raspberry Award for Worst Screen Couple/Ensemble, Golden Raspberry Award for verste skuespillerinne i en birolle, Amadeus Austrian Music Award, Brit Awards, Golden Raspberry for verste skuespillerinne, Golden Raspberry for verste skuespillerinne, Echo Pop for årets hit, American Music Award for Artist of the Year |
Lukk
Madonna er utdanna som dansar, og er kjend for sterk koreografi i tillegg til gjennomførte antrekk og ofte også seksuelle og religiøse verkemiddel i musikkvideoane og turneane sine. Artisten er rekna som eit moteikon gjennom eigne framsyningar, og har utforma kledekolleksjonar. Ho har også opptredd som skodespelar i fleire filmar med blanda mottakingar. For hovudrolla i Evita (1996) fekk ho ein Golden Globe-pris. Ho har også skrive barnebøker.