Atacama
From Wikipedia, the free encyclopedia
Atacama er ein ørken i Chile, eit praktisk talt regnfritt platå som strekkjer seg frå Andesfjella til Stillehavet. Han er 15 millionar år gamal og 100 gonger tørrare enn Death Valley i California. Platået er bygd opp av saltbasseng (salares), sand og lavastraumar. Det totale arealet av Atacama er 181 300 kvadratkilometer, og ørkenen vart danna av regnskuggen som Andesfjella skapar vest for ørkenen.
Atacamaørkenen er den tørraste ørkenen på Jorda (eit mogeleg unntak er McMurdo-dalen i Antarktis), og er totalt avskore frå fuktig luft av Andesjella og kystfjella. Den midla årsnedbøren i Antofagasta-området — som er ein del av Atacama — er berre 1 mm, og området har hatt ein periode på 400 år utan ein einaste regndrope. Det er så tørt at fjella som vert så høge som 6885 m ikkje har isbrear, og den sørlege delen frå 25°S til 27°S, har mogelegvis vore utan isbrear heile kvartærtida. Ein har derimot permafrost ned til ei høgd på 4400 m. Enkelte vêrstasjonar i Atacama har aldri målt regn, og ein har prov som tyder på at Atacama ikkje har hatt regn sidan 1570 (før dette har ein ikkje kjelder, så perioden kan vere lenger enn dette).
Enkelte stader i Atacama får derimot inn havtåke, som gjev ei viss mengd fukt til hypolitiske alger, lav og til og med enkelte kaktusar. Men i området som ikkje ein gong får tåke vert jordsmonnet samanlikna med overflata på Mars. Området vert derfor brukt av NASA for å teste instrument for framtidige Mars-prosjekt. Alonso de Ercilla skildra ørkenen i La Aracana i 1569: «Mot Atacama, nær ørkenkysten, kan ein sjå eit land utan menneske, der det ikkje finst ein fugl, ikkje eit beist, heller ikkje eit tre og ingen vegetasjon»