Austrheim kommune
kommune i Vestland fylke i Noreg / From Wikipedia, the free encyclopedia
Austrheim er ein kommune i Vestland fylke. Kommunen ligg i Nordhordland, nordvest i havgapet sørom munningen til Fensfjorden og grensar i nord til Gulen i Sogn og Fjordane, i aust til Lindås, i sør til Radøy og vest i havet ligg Fedje. Kommunen omfattar øyane Fosnøy, Bakkøy, Njøten og ei rekkje mindre øyar, holmar og skjer i tillegg til den nordvestlegaste delen av Lindåshalvøya. 13 større og mindre bruer bind kommunen saman og dei største øyane har alle vegsamband til fastlandet.
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Austrheim kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Adm.senter | Årås | ||
Areal | 57,56 km² | ||
- land | 56,83 km² | ||
- vatn | 0,73 km² | ||
Folketal | 2 881 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Per Lerøy (Ap) | ||
Kommunenr. | 4632 | ||
Austrheim kommune 60.771111111111°N 4.9261111111111°E / 60.771111111111; 4.9261111111111 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Austrheim | |||
Nettstad: www.austrheim.kommune.no | |||
Lukk
Det vestlegaste fastlandspunktet i Noreg, Vardetangen, ligg på Lindåshalvøya i Austrheim.
Langs den fiskerike Fosenstraumen ligg det ei rekkje buplassar frå steinalderen.
Delar av Mongstad industriområde ligg i kommunen.