Badetøy
From Wikipedia, the free encyclopedia
Badetøy er klede som er utforma for å brukast av folk som gjer noko ved vann eller vassport, som bading, symjing, dykking eller surfing, eller solorienterte aktivitetar som soling. Det finst fleire ulike typar badetøy til bruk av menn, kvinner og born.
Badetøy kan brukast som underklede til aktivitetar som til tider krev bruk av våtdrakt eller tørrdrakt som symjing i kaldt vatn, vasski, dykking, surfing og wakeboarding. Ein kan òg bruka kleda til å vise fram dei fysiske eigenskapane til brukaren, som i tilfelle venleikstevlingar, kroppsbygging eller til glamourfotografi og i magasin som det årlege Sports Illustrated Swimsuit Issue, som viser modeller og sportspersonlegdommar i badetøy.
Det finst ei rekkje ulike former for badetøy i dag som kan variera mykje innan dekkeomfang og og materiale. Val av stil kan vera avhengig av mote, lokale normer for tildekking og personlege preferansar. I tillegg speler bruksområde ei rolle, til dømes om ein skal bruka tøyet til eit passivt høve som å sola seg eller til ein aktivitet som surfing eller symjing. Badetøy dekkjer som regel alltid skrittet til brukaren, og kan også dekka delar av føtene, torsoen og armane. For menn dekkjer badetøy i dag vanlegvis underkroppen, medan overkroppen er bar. For kvinner er det vanleg at han dekker delar av overkroppen, i det minste brystvortene. Badehette er ei form for badetøy for hovudet som dekkjer håret.