Basilique Sainte-Marie-Madeleine de Vézelay
From Wikipedia, the free encyclopedia
Basilique Sainte-Marie-Madeleine de Vézelay er ei kyrkje som i si tid høyrde til abbediet Sainte-Marie-Madeleine de Vézelay i byen Vézelay i Bourgogne (Burgund) i departementet Yonne i Frankrike. Kyrkja vert rekna for eit av hovudverka i romansk kyrkjearkitektur og skulptur.
Kyrkja er bygd i romansk stil i tida 1120–1150, men koret og tverrskipet vart bygd i gotisk stil i tida 1185–1190. Om lag 1347 vart vesttårnet i gotisk stil reist. Sjølve abbediet Sainte-Marie-Madeleine de Vézelay vart skipa i 858 eller 859. I mellomalderen var kyrkja eit særs viktig pilegrimsmål av di ho hysa relikviane etter sankt Maria Magdalena (Sainte-Marie-Madelaine). Difor vart kyrkja òg nytta av pilegrimar på veg til katedralen Santiago de Compostela (Saint-Jacques-de-Compostelle på fransk) i byen med same namn i Nordvest-Spania, der Sankt Jakobs relikviar ligg.