From Wikipedia, the free encyclopedia
Bergkunst er eit arkeologisk omgrep brukt om symbol og bilete som er blitt måla, rissa eller skore ut i steinar, fjell eller berggrunn, som regel i førhistorisk tid.
Helleristingar er ei form av kunsten der figurar er skorne ut i berget, og er den vanlegaste forma for bergkunst i Skandinavia. Bergkunst kan òg finnast i fjellholer, som holemåleri.
Bergkunst er ein svært viktig historisk kjelde til korleis menneska levde i førhistorisk tid, særleg i steinalderen, som det finst få andre kulturlevningar frå. Ein kan til dømes lesa mykje om viktige matvegar, som jakt og fiske, ut frå kunsten. På den andre sida er det vanskeleg å vita kvifor kunsten er der–blei han laga for å hugsa, underhalda, utføra magi eller i samband med rituelle handlingar?
Holemåleria i Lascaux i Frankrike står på UNESCO si verdsarvliste. Det same gjer helleristingsområdet i Alta.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.