Berjozovyjeøyane
From Wikipedia, the free encyclopedia
Berjozovyjeøyane (russisk Берёзовые острова; Berjozovyje osrtova, tyder 'Bjørkeøyane') er ei øygruppe i Leningrad oblast i Russland. Øyane ligg inst i Finskebukta, like utanfor byen Primorsk og Det karelske neset.
Kjappe fakta Land ...
Berjozovyjeøyane | |||
øygruppe | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Berjozovyjeøyane 60.33°N 28.56°E / 60.33; 28.56 | |||
Wikimedia Commons: Beryozovye Islands | |||
Lukk
Det er femten øyar i gruppa og den største er Bolsjoj Berjozovyj (Store Berjozovy). Andre øyar er Zapadnyj Berjozovyj (Vest-Berjozovyj) og Severnyj Berjozovyj (Nord-Berjozovyj). Øyane strekkjer seg 200 km langs kysten og har eit totalt areal på 92 km². Fuglane er ein del av eit fuglereservat og eit av Ramsarstadane i Russland.
Mellom dei to verdskrigane høyrte øyane til Finland og kommunen Koivisto (svensk Björkö). Den største busetnaden på øyane var då Saarenpää. Øyane har gjeve namn til Björkö-traktaten (1905).