Bifurkasjon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein bifurkasjon, gaffeldeling, er i geografisk tyding ei forgreining av ei vasskjelde til to eller fleire elver. Det førekjem i to omstende:
- når ei ny elv bryt ut og forlèt hovudelvelaupet, som når Tärendöelva i Sverige bryt ut frå Torneelva og endar i Kalixelva nær Junosuando eller når Casiquiarekanalen i Venezuela bryt ut frå Orinoco og endar i Rio Negro
- når ein innsjø eller eit myrområde har meir enn eitt utlaup, som i dømet Lesjaskogsvatnet som er kjelde til Rauma og til Gudbrandsdalslågen.
- For bruk i anatomi, sjå anatomisk bifurkasjon.