Blod
spesialisert kroppsvæske i dyr / From Wikipedia, the free encyclopedia
Blod er ei væske som sirkulerer i blodårene til dyr og menneske. Det er sett saman av blodplasma og blodlekamar. Blodet fraktar oksygen og næringsstoff til cellene og avfallsstoff vekk. Det blir pumpa rundt i kroppen av hjartet.
Blodet får raudfargen sin frå hemoglobin i dei raude blodlekamane. Blodet inneheld òg kvite blodlekamar som går til åtak på framande organismar i kroppen.
Menneske kan ha ulike blodtypar. Desse blir klassifisert i ulike system, som ABO-systemet og Rh-systemet.
Det finst tre hovudtypar av blodlekamar:
- Raude blodlekamar (transporterer oksygen frå lungene til cellene rundt omkring i kroppen)
- Kvite blodlekamar
- Blodplater (stansar blødningar)