Blues Hall of Fame
From Wikipedia, the free encyclopedia
Blues Hall of Fame er eit amerikansk æresgalleri for artistar og andre som har gjeve viktige bidrag til bluesmusikken. Galleriet blei oppretta av Blues Foundation i 1980. Dei innvalde høyrer til ein av fem kategoriar: Utøvarar, enkeltpersonar (som bidreg utan at dei er direkte utøvarar av musikken), Classic of Blues-litteratur, Classic of Blues-innspeling (song) og Classic of Blues-innspeling (album).
Det er ingen nominasjonsprosess for å bli vald inn. Ein komite kjem saman om hausten og diskuterer seg fram til kandidatar til dei ulike kategoriane, som dei seinare stemmer over.