Selskabet Bondevennerne
From Wikipedia, the free encyclopedia
Selskabet Bondevennerne var ein interesseorganisasjon for norske bønder som vart stifta i 1865 av Søren Jaabæk, etter inspirasjon frå det danske Bondevennernes Selskab. Organisasjonen kan reknast som den første politiske klasseorganiseringa i Noreg, av di han organiserte politisk verksemd hos bønder over store delar av landet under ei sentral leiing i Mandal. Rørsla breidde veldig raskt om seg men vart oppløyst under eit tiår etter stiftinga. Sentralleiinga i Bondevenane framstod som radikale og uttrykte sterk kritikk mot borgarleg undertrykking av bønder, med ein agitasjon som var samanfallande med den dei norske arbeidarrørslene seinare kom til å nytte. Mykje tyder på at sentralleiinga var langt meir radikal enn storparten av medlemsmassen.
Bondevenane utdanna bønder i politiske arbeidsmetodar, og lokallag i organisasjonen stod mellom anna for opprettinga av dei første samvirkelaga og sparebankane i landet. Dei fleste lokallaga i organisasjonen heldt fram som eigne einingar, eller gjekk gradvis over til å verte lokallag for Venstre, ettersom organisasjonen vart oppløyst.