Borrelås
From Wikipedia, the free encyclopedia
Borrelås er ein festemekanisme som vert brukt for å lukka og halda saman klesplagg, sko, vesker, reimer og anna. Låsen består av to flate stykke som er laga av plast og sydd eller limt fast til kvar sin del av det som skal låsast saman. Det eine stykkjet består av små, tettsitjande og fleksible plastkrokar, det andre er eit motstykke med tilsvarande løkkeforma plasttrådar og hemper. Når ein presser delane saman, hukar krokane seg fast slik at sambandet vert fast, men tøyelig. Ein opnar borrelåsen att ved å rykka dei to stykka frå kvarandre.
Borrelåsane er enklare å handtera enn knappar, hekter, glidelåsar og lisser, og vert difor ofte brukt på ytterklede og sko for barn. Borrelås vert òg ofte brukt for å stramma til fritidsplagg omkring hals, armar og bein. Tidlegare var det gjerne trykknappar på slike klesplagg.
Låsemekanismen har namn etter planta borre (Arctium) der dei modne fruktene har piggar som lett hukar seg fast i dyrepels og klede.