From Wikipedia, the free encyclopedia
Braunschweig-Lüneburg vart eit historisk hertugdøme frå seinmellomalderen til tidleg moderne tid nordvest i Det tysk-romerske riket.
Herzogtum Braunschweig-Lüneburg Hertugdømet Braunschweig-Lüneburg | ||||
Statar i Det tysk-romerske riket | ||||
| ||||
---|---|---|---|---|
Hertugdømet Lüneburg og tilhøyrande område. Teikna av Willem og Joan Blaeu, 1645 | ||||
Hovudstad | Braunschweig, Lüneburg | |||
Styreform | Fyrstedøme | |||
Historisk periode | Mellomalderen | |||
- Otto den unge, hertug av Braunschweig og Lüneburg |
1235 | |||
- Deling i fyrstedømet Lüneburg og fyrstedømet Braunschweig |
1269 | |||
- Grubenhagen fråskild Braunschweig |
1291 | |||
- Fyrstedømet Göttingen fråskild Braunschweig |
1345 | |||
- Braunschweig delt i Wolfenbüttel og Calenberg |
1432 | |||
- Tatt opp i den kurrhinske rikskretsen | ||||
- Opphevd til kurfyrstedøme |
1708 | |||
Som namnet viser til, var hovudbyane i denne føydale staten Braunschweig og Lüneburg gjennom det meste av mellomalderen. Etter kvart voks Hannover seg til ein by som dominert regionen økonmisk og seinare valde hertugane å flytte dei administrative funksjonane hit, medan dei heldt familiesetet som før. Då familien vart forfremma til kurfyrstar vart namnet på kurfyrstedømet endra til Hannover.
Staten kom til ved arv i den første saksiske staten til Henrik Løve seint på 1100-talet. I 1180 vart Henrik avsett av keisar Fredrik Barbarossa som hertug av Sachsen, men fekk halde nokre landområde i Niedersachsen, som gjekk i arv til borna hans som hertugdøma Braunschweig og Lüneburg.
Den første hertugen av Braunschweig-Lüneburg var Otto I, barnebarnet til Henrik Løve, som regjerte frå 1235 og framover. Etter 1267 dele sønene hans hertugdømet i to delar, Lüneburg-Celle-linja til Johannes og Wolfenbüttel-linja til broren Albert, som seinare vart fleire mindre statar. Alle av dei vart styrt av Welf-dynastiet og hadde tette band til kvarandre, ofte ved at syskenborn gifta seg med kvarandre. Maktsenteret flytta seg samstundes frå Braunschweig og Lüneburg til Celle og Wolfenbüttel.
Sjølv om det var om lag eit dusin inndelinga av hertugdømet, var dei fleste av desse berre familiebasert og ikkje anerkjende som statar i Riket, som på eit tidspunkt hadde over 1500 slike lovleg anerkjende statseiningar. Av deltakarar på riksdagen i 1792 finn ein fire inndelingar av Braunschweig-Lüneburg som var anerkjende:
I 1705, bortsett frå Hannover-dynastiet som styrte England, var det berre to hertugar att i Braunschweig--Lüneburg, ein som styrte Calenberg i Celle, og den andre som styrte Wolfenbüttel.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.