Brekkestø
From Wikipedia, the free encyclopedia
Brekkestø er ei bygd eller ein strandby på sørenden av Justøya i Lillesand kommune i Agder. Bygda ligg ved sørenden av Fylkesveg 232.
I seglskutetida var Brekkestø ei hamn for skip som venta på god seglvind eller søkte ly for uver. Bygningsmiljøet med trearkitektur frå seglskutetida er godt bevart. I dag er den gamle uthamna Brekkestø ein mykje søkt feriestad.