![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/1f/Bruck_Mur_Standort_Schlossberg_052011_005_klein.jpg/640px-Bruck_Mur_Standort_Schlossberg_052011_005_klein.jpg&w=640&q=50)
Bruck an der Mur
From Wikipedia, the free encyclopedia
Bruck an der Mur er ein by og ein kommune i distriktet Bruck-Mürzzuschlag i forbundslandet Steiermark i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 38,4 km² og i kring 15 900 ibuarar. Byen ligg 468 meter over havet, ved åmotet der elva Mürz renn ut i elva Mura.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/1f/Bruck_Mur_Standort_Schlossberg_052011_005_klein.jpg/640px-Bruck_Mur_Standort_Schlossberg_052011_005_klein.jpg)
Bruck er eit viktig knutepunkt i jarnbanenettet i Austerrike. Byen er fyrst og fremst ein handelsstad, andre vesentlege næringar er metall- og trevareindustri.