Brugg
From Wikipedia, the free encyclopedia
Brugg er ein by og ein kommune i distriktet Brugg i kantonen Aargau i Sveits. Kommunen har 10 408 innbyggjarar (2010) og eit areal på 5,56 km². Kommunesenteret ligg meter over havet. Elvane Aare, Reuss og Limmat renn saman i ei elv i Brugg. Til kantonshovudstaden Aarau er det 16 kilometer, til Zürich 27 km.
Meir informasjon Plassering, Styresmakter ...
Brugg | |||
---|---|---|---|
Frå Brugg, med gammal bru over Aare | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | Aargau | ||
Distrikt | Brugg | ||
Språk | tysk | ||
Borgarmeister | Rolf Alder | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune |
5,56 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
10 408 1 871,9 /km² | ||
Koordinatar | 47°29′0″N 8°12′0″E | ||
Høgd over havet | 352 moh | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 5200 | ||
Nettstad: www.stadt-brugg.ch |
Lukk
Namnet Brugg tyder bru på sveitsartysk. Det viser til at byen vart grunnlagd av habsburgarane ved ei bru over elva Aare. Frå 1415 till 1798 var Brugg underlagt byen Bern, og høyrde deretter til kantonen Aargau.
I Brugg er det om lag 7 300 arbeidsplassar. 73% av arbeidsstokken er tilsett i servicesektoren, 26% i industrien og mindre enn 1% i landbruket. Det sveitsiske bondelaget har hovudkontoret sitt i Brugg.