Burgundarar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Burgunderar var ei austgermansk folkegruppe som kan ha fått namn etter øya Bornholm som ligg rett sør for Sverige. Det gamle norrøne namnet på Bornholm var Burgundarholmr, det vil seia øya til burgundarane. Ein teori er at dei utvandra frå sørlege Sverige til Bornholm og derfrå sørover til det nordlege Tyskland.
I den legendariske fornaldersagaen Torstein Vikingssons saga (Þorsteins saga Víkingssonar) busette ein Veseti seg på ei øy eller ein holme som vart kalla for «Burgenda land». Alfred den store si omsetjing av Orosius nytta òg namnet «Burgenda land». Den svenske poeten og mytologisten Viktor Rydberg hevdar i Fädernas gudasaga frå 1887 etter ei tidleg mellomalderkjelde, Vita Sigismundi, at burgundarar sjølv opprettheldt ein munnleg tradisjon om opphavet sitt i Skandinavia. Likevel bør det merkast at det er mange europeiske folkegrupper som har ein tilsvarande opphavsmyte om eit nordisk opphav, og til trass for namnelikskapen er det ingen solide bevis som gjev myten rett.