Chipping Norton
From Wikipedia, the free encyclopedia
Chipping Norton (lokalt kjend som Chippy) er ein by i Oxfordshire i England. Han er den høgastliggande byen i grevskapet, og er mykje vitja av turistar som skal til Cotswolds.
Chipping Norton | ||
---|---|---|
Rådhuset i Chipping Norton | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Oxfordshire | |
Distrikt | West Oxfordshire | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
5 972 | |
Koordinatar | 51°56′N 1°33′W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | OX7 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1608 | |
Nettstad: www.wospweb.com/site/chipping-norton-town-council | ||
Namneleddet «Chipping» tyder 'marknad', og viser til rolla byen hadde som marknadsstad for Evenlode Valley. I mellomalderen var Cotswolds eit av dei rikaste områda i England på grunn av den store ullproduksjonen, og Chipping Norton voks kraftig på grunn av dette. Mange mellomalderbygningar er bevarte i sentrum, mellom bygningar frå 1700-talet og seinare.
Etter den industrielle revolusjonen etablerte William Bliss ein moderne tekstilindustri i Chipping Norton. Fabrikken som han bygde i 1872 er eit viktig landemerke. Verksemda vart nedlagt så seint som i 1980, og bygningen er sidan blitt gjort om til eit luksushotell.
Rollright Stones er eit fornminne rett utanfor byen som består av to sett steinsirklar. Berre Stonehenge og Avebury er rekna som viktigare døme på denne typen fornminne.