Christine Arron
From Wikipedia, the free encyclopedia
Christine Arron (fødd 13. september 1973) er ein fransk tidlegare friidrettsutøvar frå Les Abymes på Guadeloupe. Ho vart europameister 1998 i Budapest med europarekord på 100 meter med tida 10,73 sekundar. I tillegg vann ho gull på den korte stafetten i den same meisterskapen, og i VM 2003. Arron har til saman sikra seg fem VM-medaljar, tre EM-medaljar og ein OL-medalje; seks av medaljane er frå 4 x 100 m stafett.
Kjappe fakta
Christine Arron | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 13. september 1973 (50 år) Les Abymes |
Idrett | friidrett |
Tok del i | |
Utmerkingar |
Ridder av Æreslegionen |
Close