Così fan tutte
From Wikipedia, the free encyclopedia
Così fan tutte, ossia La scuola degli amanti (Slik gjer alle kvinner, eller skule for elskarar) K. 588, er ein opera buffa av Wolfgang Amadeus Mozart frå 1790. Librettoen vart skriven av Lorenzo Da Ponte.
Kjappe fakta Sjanger, Periode ...
K. 588 Opera av Wolfgang Amadeus Mozart | |||
Sjanger | Opera | ||
---|---|---|---|
Periode | Wienerklassisismen | ||
Komponert | 1790 | ||
Typisk lengd | 166:56 | ||
Satsar/akter | 32 (2 akter) | ||
Libretto av | Lorenzo Da Ponte |
Lukk
Così fan tutte er ein av tre Mozart-operaer Da Ponte skreiv librettoen for. Dei to andre var Figaros bryllup og Don Giovanni.
Sjølv om det er allment akseptert at Così fan tutte vart skriven og komponert etter forslag frå Josef II, støttar ikkje nyare forsking denne ideen.[1] Det er bevis for at Mozart sin samtidig, Antonio Salieri, prøvde å setje musikk til librettoen men ikkje gjorde han ferdig.[2]