Dalit, òg kalla paria eller harijan, er nemninga på dei som blir rekna som «urøyrlege» eller «kastelause» i det indiske kastesystemet og såleis står lågast på rangstigen i samfunnet. Dalitane er i utgangspunktet ikkje ein del av dei fire hovudkategoriane i kastesystemet (varna), men finst som ei eiga gruppering utanfor varnaen, som tradisjonelt reknar dalitane for å vere kastelause. Ein trur at dalitane sannsynlegvis var definert som gruppe innan år 1000 f.kr. Dalitane utførte gjerne arbeidsoppgåver som vart rekna for å vere «ureine», som til dømes å farge lêr eller fjerne døde dyr frå landsbyane. Sidan dette arbeidet vart sett på som åndeleg ureint, vart dalitane tvungne til å bu i segrerte soner i landsbyane, åtskild frå andre kastar.
I moderne tid har dei indiske styremaktene freista å innføre tiltak for å bøte på den diskrimineringa dalitane tradisjonelt har blitt utsett for. Ein viss kvote av alle statlege stillingar og tenester i India er resevert for desse lågaste kastene, og det sjølvstendige India har gjort all diskriminering på bakgrunn av kaste forbode ved lov. Den indiske frigjeringshelten Mahatma Gandhi kalla dei kastelause for harijanarar («Guds barn»), men dei kastelause føretrekkjer sjølve å kalle seg for dalitar («undertrykte»).
Sjå òg
Kjelder
- Clarke, P.B. (Red.). (1994). Verdens religioner (s. 128). Oslo: Grøndahl Dreyer. ISBN 8250420918
- «kaster» (25. april 2019) av Jon Schackt i Store norske leksikon, snl.no. Henta 12. mai 2019.
Denne samfunnsartikkelen som har med India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.