From Wikipedia, the free encyclopedia
Datarollespel, også kalla RPG (frå engelsk role-playing game) er ein dataspel-sjanger der spelaren kontrollerer ein eller fleire karakter i ei tillaga verd. Mange rollespel-dataspel har opphav i «pen-and-paper»-rollespel, slik som Dungeons & Dragons og brukar mykje av den same terminologien, omgivnadane og spelemekanikken. Andre store likskapstrekk med desse rollespel-typane inkluderer narrative element, at spelaren sin karakter kan utvikla seg, kompleksitet, gjenspelbarhet og innleving. Det er ikkje naudsynt med ein spelleiar grunna det elektroniske mediumet, noko som aukar farta på kampane og problemløysinga i spela. Datarollespel har utvikla seg frå enkle tekstbaserte spel til visuelt rike 3D-spel.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.