Den amerikanske nasjonalgarden
From Wikipedia, the free encyclopedia
Nasjonalgarden utgjer ein stor del av USAs militære reserve. Nasjonalgarden vart etablert ved militsloven av 1903, som samla dei ulike delstatsmilitsane i ein nasjonal struktur. Nasjonalgarden blir styrt av kvar enkelt delstat, med mindre militsane blir kalla inn til føderal teneste. Nasjonalgarden må ikkje forvekslast med reservestyrkane til kvar av dei føderale forsvarsgreinene.
- Dette omgrepet har fleire tydingar.
Nasjonalgarden består av to greiner. Arménasjonalgarden inngår i den amerikanske armeen og utgjer omkring halvparten av den ståande hæren og ein tredel av støtteorganisasjonen. Flynasjonalgarden inngår i det amerikanske flyvåpenet. Begge blir administrert på nasjonalt nivå av Nasjonalgardebyrået, som er ein felleskommando for Armédepartementet og Flyvåpendepartementet.
Nasjonalgarden er kjent for slagordet sitt i annonser: «Éi helg i månaden, to veker i året». Dette viste til tida ein person måtte vere i aktiv teneste i Nasjonalgarden for å kunne vere nasjonalgardist, med dei ytingane det medfører. Slagordet vart likevel forkasta under krigen i Irak då det vart klart at nasjonalgardister no var monaleg meir tid i aktiv teneste.
Før terrorangrepet 11. september 2001 var det etablert praksis at gardistar ikkje trong å tenestegjere meir enn seks månader i utlandet til ei kvar tid. På grunn av påkjenninga på aktive avdelingar etter angrepet vart tenestetida utvida til 18 månader. Ytterlegare belastningar på militære styrkar som resultat av invasjonen av Irak medførte at den moglege tenestetida i utlandet vart utvida til 24 månader.
Avdelingar i Nasjonalgarden kan mobiliserast til ei kvar tid på ordre frå presidenten for å supplere dei regulære militære styrkane, og ved fråsegn om unntakstilstand frå guvernøren i delstaten der avdelinga høyrer heime. I motsetnad til vanlege reservistar kan nasjonalgardister ikkje mobiliserast individuelt (unntatt ved frivillig overføring), men berre som del av den respektive avdelinga.