Descent of Man
From Wikipedia, the free encyclopedia
The Descent of Man, and Selection in Relation to Sex (Opphavet til menneskja) er ei bok av Charles Darwin, først utgjeven på engelsk i (1871). Boka vart omsett til dansk av Jens Peter Jacobsen og utgjeven på Gyldendals forlag i 1874, under tittelen Menneskets Afstamning og Parringsvalget.
I den verdskjende boka The Origin of Species (1859) unngjekk Darwin nøye å meir enn antydningsvis presentere teoriar om korleis mennesket hadde utvikla seg. I staden skreiv han denne boka om menneskeleg utvikling, der han presenterte teoriane sine om seksuell seleksjon.