Det estiske sjøforsvaret
From Wikipedia, the free encyclopedia
Det estiske sjøforsvaret (Eesti Merevägi) er den våpengreina i Det estiske forsvaret som har ansvaret for å verne estisk territorialfarvatn. I krisetilfelle skal sjøforsvaret vere klare til å forsvare innseglingar og hamneområde og å leie og samarbeide med allierte styrkar.
Frå 1995 har sjøforsvaret rydda miner i estiske farvatn i nært samarbeid med andre marinestyrkane til dei andre Austersjø-landa. Føremålet er å finne og rydde gamle miner og slik bidra til tryggare ferdsel på sjøen.