From Wikipedia, the free encyclopedia
Det europeiske forsvarsbyrået (EDA: European Defence Agency) er eit samarbeidsorgan for til forsvars- og rustningspolitikk, etablert i Den europeiske unionen.
Det europeiske forsvarsbyrået | |||
| |||
Skipa | 12. juli 2004 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Brussel | ||
Leiar | Jiří Šedivý | ||
Tilsette | 140 (2019) | ||
Nettstad | http://www.eda.europa.eu/ |
Det europeiske forsvarsbyrået vart etablert i 2004, som eit instrument i EUs felles tryggings- og forsvarspolitikk. Det har til oppgåve å harmonisera forsvars- og rustningspolitikken i EUs medlemsstatar. Føremålet er vidare å oppnå ei forbetring av den militære kapasiteten i EU og å effektivisera evna innanfor byrået til å handtere krisar. Føremålet er dessutan å effektivisera europeisk rustningsindustri.[1]
EDA hadde per 2018 ca. 140 tilsette, og hovudkontor i Brussel.[2]
Alle EU-medlemslanda bortsett frå Danmark deltek i byrået. Etter at Danmark sa nei gjekk landet i staden med på Maastricht-avtala i 1992. Dette var eit nasjonalt kompromiss der landet tok atterhald overfor EU på fire område, mellom dei forsvar. EU godtok dette atterhaldet.[3]
Byrået har samarbeidsavtaler med Noreg (2006), Sveits (2012), Serbia (2013) og Ukraina (2015).[4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.