Det europeiske økonomiske fellesskapet (EØF) var ein overnasjonal organisasjon mellom opphavleg seks medlemsstatar i Vest-Europa. Organisasjonen vart etablert 1. januar 1958 som følgje av Roma-traktaten og vart erstatta av det europeiske fellesskapet (EF) gjennom Maastricht-traktaten den 1. november 1993.
Etter opphavleg å ha hatt seks medlemsstatar, Belgia, Frankrike, Italia, Luxembourg, Nederland og Vest-Tyskland, vart EØF utvida til å ha tolv medlemsstatar før oppløysinga. I 1973 vart Danmark, Irland og Storbritannia med. I 1981 følgte Hellas etter, og i 1986 fekk EØF si site utviding, då Portugal og Spania vart med.
Sjå òg
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Europeiska ekonomiska gemenskapen» frå Wikipedia på svensk, den 22. april 2022.
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.