Det sveitsiske forbundsrådet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Det sveitsiske forbundsrådet (tysk Schweizerischer Bundesrat, fransk Conseil fédéral suisse, italiensk Consiglio federale svizzero, retoromansk Cussegl federal svizzer) er organet for utøvande makt i Sveits, det vil seia regjeringa i landet. Rådet har også kollektivt status som sveitsisk statsoverhovud.
Forbundsrådet har sju medlemmer. Dei blir valde til ein fireårsperiode av Den sveitsiske nasjonalforsamlinga (nasjonalrådet og stenderrådet saman). Berre representantar med absolutt majoritet kjem inn, derfor skjer det ofte mange røystingar. Val til forbundsrådet skjer når nasjonalrådet byrjar ein ny fireårsperiode. Dersom eit medlem av forbundsrådet trekker seg, blir det halde suppleringsval.
Forbundsrådet blir leia av ein forbundspresident som blir vald for eitt år om gongen. Forbundspresidenten leiar regjeringa som primus inter pares (den fremste blant likemenn), og vervet går på rundgang i rådet. Det blir også vald ein visepresident som typisk overtek etter forbundspresidenten når året er omme.