Dukkpetrellar
fugleslekt / From Wikipedia, the free encyclopedia
Dukkpetrellar (Pelecanoides) er ei biologisk slekt av sjøfuglar i stormfuglfamilien, ein familie som saman med albatrossfamilien og stormsvalefamilien utgjer ordenen stormfuglar, Procellariiformes.
Dukkpetrellar | |
Smalnebbdukkpetrell Pelecanoides urinatrix | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Aequornithes |
Orden: | Stormfuglar Procellariiformes |
Familie: | Dukkpetrellfamilien Pelecanoididae |
Slekt: | Dukkpetrellar Pelecanoides Lacépède, 1799 |
Det er til saman fire artar i denne slekta, og dei fire artane er innbyrdes mykje like og særs vanskelege og skilje, kjenneteikn er berre små skilnader i farger på fjørdrakta og i nebbkonstruksjonen. Dette er alkefuglliknande, små petrellar som lever på sørlege hav. Likskapen med alkefuglane skuldast konvergent evolusjon, begge fuglegruppene beitar under havoverflata, men nokre forskarar har tidlegare ymta om at likskapane kan slektskapar.