irsk komponist From Wikipedia, the free encyclopedia
Dónal Lunny (fødd 10. august 1947) er ein irsk folkemusikar. Han er rekna som ein av dei viktigaste føregangsfigurane i utviklinga av irsk folkemusikk.
Dónal Lunny | |
Statsborgarskap | Irland |
Fødd | 10. mars 1947 (77 år) Tullamore |
Yrke | komponist, platebransjeleiar, gitarist, musikkprodusent, songar |
Språk | engelsk |
Medlem av | Aosdána |
Partnar | Sinéad O'Connor |
Dónal Lunny på Commons |
Dónal Lunny vart fødd i Tullamore i County Offaly, og flytta deretter til Newbridge i County Kildare. Han starta karrieren sin som musikar gjennom eit samarbeid med songaren Christy Moore. I 1972 danna Lunny og Moore bandet Planxty, som vart eit stilskapande band innan sjangeren irsk folkemusikk gjennom dei ti følgjande åra.
Lunny forlét Planxty i 1974 og danna The Bothy Band, der han spelte gitar og bouzouki. The Bothy Band vart oppløyst i 1978, men er framleis rekna som eit av dei mest banebrytande banda innan irsk folkemusikk.
Lunny og Christy Moore tok opp igjen samarbeidet i 1981, og danna Moving Hearts saman med uilleann pipe-spelaren Davy Spillane.
Lunny har delteke i fleire prosjekt dei siste åra, blant anna eit soloalbum med tittelen "Donal Lunny" (Gael-Linn 1987), eit anna soloprosjekt med tittelen "Coolfin" (1998), og seinast eit fleirkulturelt prosjekt med namnet Mozaik, med Bruce Molsky, Nikola Parov, Rens van der Zalm, og tidlegare Bothy Band-medlem Andy Irvine.
Dónal Lunny og Andy Irvine har vore sentrale i å gjere strengeinstrumentet bouzouki utbreidd i irsk folkemusikk, etter at det vart introdusert av Johnny Moynihan. Lunny fekk den engelske instrumentmakaren Peter Abnett til å byggje ein bouzouki med flat botn i staden for den tradisjonelle runde botnen til den greske bouzoukien.
I dag er irsk bouzouki blitt eit vanleg instrument i irske folkemusikkgrupper. Prosessen kan samanliknast med introduksjonen av mandolaen i den nordiske folkemusikken av den svenske folkemusikaren Ale Möller.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.