Egon Schiele
From Wikipedia, the free encyclopedia
Egon Schiele (12. juni 1890–31. oktober 1918) var ein austerrikske målar, i ettertid rekna som ein av dei store figurative målarane i det tidlege 1900-talet. Mellom verka hans finst ein stor del intense sjølvportrett. Figurane i bileta hans er vanlegvis vridde og skeive, noko som gjer han til ein representant for ekspresjonismen. Hans intense og korte liv og målestil gjorde han også til eit ikon mellom bohemar i samtida.
Kjappe fakta
Egon Schiele | |
Statsborgarskap | Cisleithania |
Fødd | 12. juni 1890 Tulln an der Donau |
Død |
31. oktober 1918 (28 år) |
Yrke | kunstmålar, grafikar, teiknar, biletkunstnar, litograf, fotograf, grafikar, arkitekt, bilethoggar |
Språk | tysk |
Ektefelle | Edith Schiele |
Partnar | Wally Neuzil |
Egon Schiele på Commons |
Close
Schiele vert, ved sida av Gustav Klimt og Oskar Kokoschka, halde for å vere den viktigaste figurative kunstnaren i Wien i tida straks før og under fyrste verdskrigen.