From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein midtsommarnattsdraum (originaltittel: A Midsummer Night’s Dream) er ein romantisk komedie av William Shakespeare, skriven ein gong rundt midten av 1590-åra og framført for fyrste gong i 1595. Stykket skildrar opplevingane til to unge kjærleikspar, ei gruppe amatørskodespelarar i ein forheksa skog og ei gruppe alvar. Som mange andre stykke av Shakespeare handlar stykket om kjærleik, sjalusi og sorg.
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Hermia er forelska i Lysander, men far hennar nektar henne dette ynsket sidan han ynskjer at ho skal gifte seg med Demetrius. Saka vert teken opp med hertugen Tesevs, som er midt i bryllaupsførebuingane sine, som seier klart i frå om at dottera skal lyde far sin uansett. Hermia og Lysander bestemmer seg for å flykte, og dette får Demetrius vite og fylgjer etter dei til skogen utanfor Athen og etter han fylgjer Helena som er forelska i Demetrius. Samtidig er det ei amatørteatergruppe som øver seg til stykket som skal spelast i Tesevs sitt bryllaup i skogen. Dette er ramma rundt dei mytologiske og humoristiske hendingane i og utanfor skogen.
I likskap med Romeo og Julie, tek Ein midtsommarnattsdraum opp noko ved kjærleiken. I dette skodespelet vert dei to ulike sidene av kjærleiken tekne opp. Dette vert gjenspegla gjennom kjærleikspara Tesevs og Hippolyta og Oberon og Titania. Gjennom Tesevs og Hippolyta ser ein fødinga av kjærleik som har vakse fram trass i lite romantisk byrjing (Tesevs vann Hippolyta etter at han sigra over amasonene). Gjennom Oberon og Titania ser ein at kjærleiksproblema kjem etter mange års forelsking der komplikasjonar dukkar opp og seinare vert løyste og forsona.
Tolkinga av skodespelet vert ofte tolka på mange måtar på same måte som skodespelet Romeo og Julie, som vart skrive rundt same tid som A Midsummer Night’s Dream vart skrive. Begge desse skodespela er på mange måtar veldig like kvarandre. Begge handlar om to personar som er forelska i kvarandre, men som aldri kan verte eit par sidan fedrane deira nektar dette av ulike årsaker og vil at dottera deira skal gifte seg med ein annan som dei har utpeika. I motsetnad til Romeo og Julie, endar dette skodespelet godt, takka vere mytisk hjelp. I tillegg til dette vert det tolka som ei skildring av haldningar og tru frå gamal tid samt at mange tema som ein har vore oppteken av i alle tider, som t.d. sjalusi og sorg, vert tekne opp her.
I scena der skodespelet vert spela, tolkar ein som Shakespeare kommentar til komedien.
A Midsummer Night's Dream av William Shakespeare blei skriven midt på 1590-talet, og den første, registrerte trykte utgåva er frå 1600 (A Midsommer Nights Dreame). Stykket er også med i den første samla utgåva av Shakespeares skodespel i 1623 (Mr. William Shakesspeares Comedies, Histories, & Tragedies).
Den første norske omsetjinga kom i 1912 under tittelen Jonsokdraumen, omsetjar var Erik Eggen. I 1932-1933 kom så Ein midsumarnattdraum som ein del av Samlagets fembands utgåve av Shakespeares skodespel, omsetjinga var av Henrik Rytter. I 1934 kom Rytters omsetjing som ei eiga bok, og den har også sidan blitt utgjeven fleire gonger. Halldis Moren Vesaas omsette stykket til nynorsk for Det norske Teatret i 1979; Ein midtsommarnattsdraum. Denne omsetjinga blei utgjeven på Samlaget året etter.
Den fyrste bokmålsomsetjinga blei utgjeven av Somes forlag i 1930, i omsetjing av Rolf Hiorth-Schøyen. Utgåva hadde tittelen En sommernatsdrøm. I 1958 kom André Bjerkes omsetjing av skodespelet på Aschehoug forlag, med tittelen En sommernattsdrøm. Denne omsetjinga er sidan utgjeven ei rekkje gonger, då med tittelen En midtsommernattsdrøm.
Hans-Magnus Ystgaard omsette stykket til sparbu-mål for Trøndelag teater i 2001, med tittelen En medtsåmmåsnattsdrøm.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.