From Wikipedia, the free encyclopedia
El-overfølsemd, elektromagnetisk hypersensitivitet, elektrosensitivitet eller «el-allergi» er ein tilstand der ein person opplever symptom som vedkomande meiner kjem av å vera utsett for elektromagnetisme.[1] El-overfølsemd vert òg kalla elektrosensitivitet eller el-allergi, men er ikkje ein prova medisinsk diagnose. Forsking har vist at dei som er el-overfølsame ikkje greier å kjenna om dei er utsette for elektromagnetisk stråling, eller ikkje. Symptoma oppstår berre dersom ein trur at ein er utsett for stråling, og har ingen samanheng med om ein faktisk er det. Dette fenomenet vert kalla «noceboeffekten».[1]
Fenomenet skal ha byrja i Sverige på 1980-talet, opphavleg særleg blant dei som arbeidde ved dataskjermar.[2] Ein har rapportert hudplager som tørrheit, raudheit, kjensler av stramheit og prikking i ansiktet og utslett som blussar opp, nevropsykiatriske symptom som ekstem trøttleik, synsforstyrring, hovudverk og vanskar med minne og konsentrasjon, og allmenne symptom som å kjenna seg svimmel, kvalm eller ha smerter i og musklar og ledd.[2]
Det er vitskapleg etablert at elektromagnetiske felt kan påverka organismar, men personar med el-overfølsemd hevdar at dei får vonde symptom når dei vert utsette for stråling som er under grensene som er sette i internasjonale tryggleiksstandardar. Eit overveldande fleirtal av blindtestar har vist at personar som meiner at dei er ramma av el-overfølsemd, ikkje er i stand til å skilja mellom verkeleg eksponering og simulert (ingen) eksponering, noko som kan forklarast ved at el-overfølsemda er ein såkalla noceboeffekt («negativ placebo»).[3][4][5] Ein vedkjenner då symptoma til pasientane som reelle, men at desse ikkje har påviseleg samanheng med den strålinga dei faktisk er utsette for.[6]
Sidan det ikkje finst vitskaplege prov på at el-overfølsemd er ein reell effekt, og ein ikkje kan måla eller dokumenterar plagene som blir rapporterte av pasientar, kan dette medføra behandlingskonsflikt. Den behandlinga som er best dokumentert for problemet er kognitiv psykoterapi.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.