El Niño
From Wikipedia, the free encyclopedia
El Niño, eller meir korrekt El Niño – sørleg oscillasjon (ENSO) er eit globalt fenomen som oppstår i havet og atmosfæren. El Niño og La Niña er store temperatursvingingar i overflatevatnet i den tropiske delen av det austlege Stillehavet. Namna kjem frå dei spanske uttrykka for «den litle guten» (El Niño) og «den litle jenta» (La Niña). «Den litle guten» refererer til Jesusbarnet, fordi fenomenet ofte startar rundt juletider utanfor vestkysten av Sør-Amerika. Effekten er stor på klimaet på den sørlege halvkula, og vart først skildra i 1923 av sir Gilbert Thomas Walker, som har gjeve namn til Walkersirkulasjonen, ein viktig del av ENSO-fenomenet. Den atmosfæriske delen av fenomenet vert kalla den sørlege oscillasjonen (SO) og omhandlar månadlege eller sesongbaserte svingingar i lufttrykket mellom Tahiti og Darwin i Australia.
ENSO er ein kopla klimafluktuasjon mellom hav og atmosfære, som oppstår som følgje av havstraumar og atmosfærisk sirkulasjon. ENSO er den mest omfattande og kjende mellomårlege variasjonen i vêr og klima i verda, og oppstår med to til åtte års mellomrom. Ikkje alle område av verda vert påverka, men ENSO kan merkast i Stillehavet, Atlanterhavet og Indiahavet.
I Stillehavet strekk oppvarminga under ein El Niño seg over heile det tropiske Stillehavet, og det er ein klar samanheng med intensiteten i den sørlege oscillasjonen. Medan ENSO-hendingar oppstår om lag samtidig i Stillehavet og Indiahavet, oppstår dei først 12 til 18 månader seinare i Atlanterhavet. Mange av landa som vert hardast råka av ENSO er utviklingslanda i Sør-Amerika og Afrika, der økonomien er avhengig av jordbruk og fiske som hovudkjelda til mattilgang, sysselsetjing og eksport til utlandet. Viss ein klarar å varsle ENSO-hendingar i dei tre hava, kan det få stor global samfunnsøkonomisk innverknad. ENSO er ein global og naturleg del av klimaet på jorda, og om intensiteten eller frekvensen av fenomenet vil endre seg som følgje av global oppvarming er eit svært viktig spørsmål. Ein har funne prov for at fenomenet varierer i løpet av ein mykje lengre tidsskala og ein kan ha tiår med kraftigare ENSO-hendingar, og andre tider som er rolegare.