britisk songar og skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Elaine Paige, OBE, (fødd 5. mars 1948 i Barnet i England) er ein engelsk songar og skodespelar, kjend for sitt lange virke innan musikal og teater.[1] Stemma blir skildra som mezzosopran.[2][3]
Elaine Paige | |
Fødenamn | Elaine Jill Bickerstaff |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 5. mars 1948 (76 år) Barnet |
Yrke | skodespelar, songar, radioprogramleiar, teaterskodespelar, plateartist |
Språk | engelsk |
Nettstad | http://www.elainepaige.com |
Elaine Paige på Commons |
Paige vaks opp i Barnet i Hertfordshire i England og gjekk ved Aida Foster Theatre School. Ho hadde si fyrste profesjonelle sceneframsyning som 16-åring i 1964, og fekk sitt store gjennombrot med musikalen Hair på West End i London i 1968.[4]
Etter ei rekke roller utover i 1970-åra, blei Paige vald til å spele Eva Perón i den fyrste oppføringa til Andrew Lloyd Webber av musikalen Evita i 1978. Dette oppdraget gjorde henne kjend for eit større publikum og ho vann Laurence Olivier-prisen for innsatsen. Ho spelte rolla som Grizabella i Cats og fekk ein topp ti-hit i Storbritannia med songen «Memory» frå musikalen.[5]
I 1984 gav Paige ut «I Know Him So Well» saman med Barbara Dickson frå musikalen Chess, og dette er fortsatt ein av dei mestseljande singlane med ein duo.[6][7] Ho var seinare med i originalbesetninga på Chess, etterfølgd av ei hovudrolle i Anything Goes, som ho også var med på å produsere.
Paige fekk sin Broadway-debut som hovudrolla Norma Desmond i Sunset Boulevard i 1996, til gode kritikkar.[1] Ho spelte i The King and I frå 2000 til 2001, og seks år senere vende ho tilbake til West End med stykket The Drowsy Chaperone. Ho har også hatt jamnlege TV-framsyningar.[1][4]
I tillegg til fem nominasjonar til Laurence Olivier-prisar, har Paige vunne ei rekke prisar og utmerkingar for sine teaterroller. I 1995 blei ho utnemd til ein officer av den britiske imperieordenen av dronning Elizabeth II for hennar bidrag til musikalteater.[8][9] Ho har også blitt omtalt som «fyrstedama innan britisk musikalliv» på grunn av sitt talent og lange virke.[10] Ho har gjeve ut 22 soloalbum, der åtte av dei blei sertifiserte til gull eller platina. Paige har i tillegg medverka på ei rekke andre innspelingar og turnert over heile verda. Sidan 2004 har ho også hatt sitt eige radioprogram på BBC Radio 2, kalla Elaine Paige on Sunday.[11]
I 2014 feira Paige 50 år i underhaldingsbransjen med ein internasjonal konsertturné og eit samlealbum The Ultimate Collection.[12][13]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.