Elektrisk batteri
From Wikipedia, the free encyclopedia
Eit elektrisk batteri eller ein akkumulator har potensiell energi i form av kjemisk energi. Batteriet inneheld to halvceller, som saman kan produsere elektrisk straum ved ein kjemisk prosess. Når batteriet leverer straum, er det ein oksidasjon i eine halvcella og ein reduksjon i den andre halvcella som fører til at elektron blir overført. Kor mykje straum eit batteri leverer, er avhengig av skilnaden mellom reduksjonspotensiala til halvcellene.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/3b/Batteries.jpg/220px-Batteries.jpg)
Det finst ulike typar batteri, som høver til forskjellige bruksområde.