From Wikipedia, the free encyclopedia
Ernst von Siemens' musikkpris er ei utmerking som vart skipa i 1972. Sidan 1974 har prisen vorte utdelt årleg av Bayerische Akademie der Schönen Künste på vegner av Ernst von Siemens Musikstiftung. Hovudprisen på 250 000 euro vert tildelt ein utvald komponist, musikar eller musikkvitar. Frå og med år 1990 har ein i tillegg delt ut støtteprisar til to eller tre unge, lovande komponistar. Den samla prissummen er på 3 millionar euro.
Ernst von Siemens' musikkpris har fått namn etter industriherren og kunstvelgjeraren Ernst von Siemens (1903-1990), barnebarn av Werner von Siemens. Prisen har svært høg status i musikkverda og har vorte kalla «Nobelprisen i musikk». På lista over prisvinnarar står namn som Benjamin Britten, Olivier Messiaen, Herbert von Karajan, Leonard Bernstein og Anne-Sophie Mutter. I 2013 vart prisen tildelt Mariss Jansons som stod som hovuddirigent av Oslo-filharmonien gjennom ei årrekkje.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.