Eurovision Song Contest 1959 (ESC 1959) var den fjerde gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Palais Des Festivals i Cannes i Frankrike. Finalen fann stad onsdag 11. mars. Nederland vann tevlinga med songen «Een beetje», sunge av Teddy Scholten.
Kjappe fakta Dato, Vertskap ...
Eurovision Song Contest 1959 |
|
|
|
Dato |
Vertskap |
|
Programleiar(ar) Jacqueline Joubert |
|
|
Kringkastar(ar) EuroFrancia.svg RTF |
|
Varigskap |
Opningsnummer |
Pausenummer |
Bidrag |
|
Attende EuroReino Unido.svg |
|
Trekte seg EuroLuxemburgo.svg |
|
Kart |
ESC 1959 Map.svg
|
██ Land som deltok i tevlinga
██ Land som ikkje deltok i tevlinga |
|
Røysting |
Eurovision Song Contest |
|
Close
Kvert land hadde ein jury beståande av ti jurymedlemmar, der kvart jurymedlem gav eit poeng til den songen dei likte best. Jurymedlemmane kunne ikkje røyste på sitt eige land. Dette året vart det innført krav om at jurymedlemmane ikkje skulle vere musikkekspertar.
Monaco deltok i Eurovision Song Contest for fyrste gong dette året, medan Storbritannia kom attende etter å ha trekt seg frå tevlinga i 1958. Luxembourg trekte seg frå tevlinga. Til saman elleve land deltok, fleire enn nokon gong tidlegare.