Eurovision Song Contest 1995 (ESC 1995) var den 40. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Konkurransen vart halden i Point Theatre i Dublin i Irland. Finalen fann stad laurdag 13. mai. Noreg vann konkurransen med den norske songen «Nocturne», framført av Secret Garden.
I Secret Garden spelte irske Fiounalla Sherry fiolin, norske Gunnhild Tvinnereim song og svenske Åsa Jinder spelte nyckelharpa.
Litauen, Estland, Nederland, Finland, Sveits og Slovenia deltok ikkje dette året på grunn av deira dårlege plasseringar året før. EBU bestemte at talet deltakarland skulle reduserast til 23 for å unngå at showet varte meir enn 3 timar. Difor trekte Italia seg, og Luxembourg slutta heilt å delta.
Makedonia hadde klar songen «Me sakas», men trekte seg ein tid før fristen.