Fåfotingar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Fåfotingar (Pauropoda) er ei gruppe særs små mangefotingar som lever i jord- og strølaget, ofte så langt nede som ein til to meter. Gruppa er utbreidd over heile verda og omfattar 756 beskrivne artar fordelt på 30 slekter i fem familiar. Ho er generelt særs dårleg kjend, sidan berre ytst få forskarar har fordjupa seg i ho i nokon særleg grad, så det reelle artstalet er mest sannsynleg langt høgare. I Norden er det registrert 16 ulike artar; 13 av desse i Noreg.
Fåfotingar | |
Trachypauropus britannicus i England | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Underrike: | Eumetazoa |
Infrarike: | Protostomia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Mangefotingar Myriapoda |
Klasse: | Fåfotingar Pauropoda Avebury, 1868 |
Fåfotingane lever i jorda, vanlegvis i tettleikar som er mindre enn 100 per kvadratmeter.[1]